
Men sjølv om heile universet spinner rundt på min litlefinger, og eg er den heldigaste personen som eksisterer, veit eg ikkje kven eg er. Eg prøvar febrilsk å finne meg sjølv. Kven er eigentleg denne blonde jenta som blei født på rikshospitalet for 19 år sida? Dette synes kanskje som eit mikroskopisk problem når man ser det i den store verdssamanhengen, men i mine auge er det eit globalt problem. Det er jo heile verda mi som står i fare. Eg, det svart-gule ljoset, fyk hit og dit og leiter etter kva det vil sei å vere meg. Å ikkje vite kven eg er, kan nesten samanliknas med å ha allzheimer. Plutseleg står eg der og lurer på kor eg er. Kvifor gjekk eg hit, kvifor gjer eg ting slik, kvifor reagerte eg på denne måten. Det einaste eg veit om meg sjølve er mitt eige namn og min eigen alder. Folk som treff meg tenkar: ” ja, det var ei koselig jente”. Eg blir fryktelig nysgjerrig. Kvifor synes du eg er koselig? Kven er det du ser? Kanskje det er difor eg likar å bli kjent med nye folk. Dei ser meg på ein ny måte. Kanskje det gir eit håp om å finne ein ny brikke i det store puslespelet Meg.
Når du er deg sjølv har kanskje du og det sånn? Kanskje du er din eigen, svart-gule strek som fyk rundt i din eigen verd, på jakt etter å finne deg sjølv. Eller kanskje du ikkje er det? Det kan vere at ikkje alle er som meg. Eg blir like overraska kvar gong eg oppdagar at folk ikkje alltid tenkar som meg, at det er andre verder utanfor min.
For to veker sia sto eg på eit busstopp. Plutseleg kom ein mann å stilte seg rett attmed meg. Eg skvatt litt og blei ganske redd. Han spurde meg om eg hadde hatt ein fin dag. Eg svarte at det hadde eg. Han snakka engelsk med afrikansk aksent. Han fortalte at han var frå Sør-Afrika. Han så snill ut, men det einaste eg kunne tenke på var at han var ein ukjend mann som sto litt for nærme. Så spurte han meg ” do you wanna be my friend?”. Eg vart forskrekka og sa at eg ikkje hadde lyst til å vere venen hans. Han blei lei seg. Det såg eg. Han gav seg ikkje og spurte om det var fordi han var svart. Han sa at det var berre som venar. Vi kunne drikke kaffi saman ein gong i blant og sende sms. Eg snakka meg frå det og kom meg unna.
I ettertida har eg hatt dårlig samvit. Tenk om han akkurat var komen til Noreg og at han ikkje hadde nokon venar. Kanskje det er ein del av kulturen deira å bli kjend med nye folk og snakke med framande på busstopp. Eg kunne jo i det minste vært litt meir hyggeleg. Men i verda mi var han ein ekkel mann som eg måtte flykte frå. Korleis han tenkte var uvesentleg, for i mi verd tenkar alle som meg.
Mitt korte liv har no lært meg at det finnes andre verder og at ikkje alle tenkar som meg. No når eg lukkar auga og trykkar på dei med fingeren, ser eg mange svart-gule strekar. Det er så mange folk eg snakkar med som er på leiting etter seg sjølv. Kanskje eg må lære å forstå di verd, for å forstå mi eige? Når eg er meg sjølv saman med deg, seier jo det mykje om kven eg er. Eg kan sjå korleis eg er mot deg, korleis eg snakkar til deg og korleis eg tenkar om deg. I mitt hovudet er eg ein god person, ein som folk kan stole på og ein som bryr seg. Er dette røyndomen, er det slik eg er utafor mi verd? Når man ser det på denne måten trur eg at det å finne seg sjølv får ein heilt ny tyding. Det handlar ikkje om å finne seg, men å definere seg sjølv. Ved å være med andre lærer man noko om handlingane sine og kva slags verknader desse får. Når man har lært seg dette, går det ann å prøve å definere si eige røyndom, å trene seg på å vere og handle deretter.
Om bobla eg ser den verkelege verda gjennom nokon gong vil sprekke veit eg ikkje, men når eg er meg sjølv, vil eg vere som eit hjarte som dunkar på ein synleg måte. Eg vil ikkje vere den egosentriske, svart –gule streken, som fyk hit og dit. Eg vil lære meir om deg... Så no må eg finne ut: Korleis er du når du er deg sjølv?
(og drit i å rette på nynorsken min... jeg vet jeg suger :)